Om Hardangerlokk

Hardangerlokk er ein kunst- og kulturorganisasjon som skal bidra til samfunnsutvikling gjennom aktivitetar i Hardanger innan alle kunstfelta. Aktiviteten skal formidla kvalitativ kunst og kultur som skal bidra til auka folketal, næringsverksemd, trivnad og positiv merksemd for regionen. Hardangerlokk er eigd av dei 7 Hardangerkommunane og Flytt til Hardanger. Hardangerlokk har som øvste organ ei styringsgruppe beståande av kultursjefane frå kommunane, Harding Puls (2 representantar) og Flytt til Hardanger.

Med kreative næringar vonar ein å  bu regionen på den framtidige arbeidsmarknaden (les meir om det her), men på kort sikt er det å få auka overføringar frå Staten ved å få fleire innbyggjarar og auka skatteinngang.

Hardanger har i norsk kunst- og kulturhistorie ein særeigen plassering i danning av norsk identitet gjennom nasjonalromantikken og kan er knytt til epoken lik Firenze er til renessansen. Det må me spela vidare på fram til 200-årsjubileet for Noreg som nasjon i 2014, men Hardangerlokk skal ikkje leggja lok over Hardanger for å konservera regionen. Me skal heller leggja til rette for at hardingane får nye impulsar og er lika stolte av kunst- og kulturlivet i Hardanger i notida som av fortida.

Hardangerlokk har kontor i Kunstnarhuset Messen i Ålvik saman med Harding Puls. Kunstnarhuset Messen er eit viktig tiltak i Hardangerlokk og eit stort hus (tidlegare administrasjonsbygning for Bjølvefossen) der det er mogleg for 10 kunstnarar å ha atelier/verkstader og husvære. I Kunstnarhuset Messen er det allereie 5 kunstnarar som jobbar. Medlemar av Harding Puls skal òg kunna jobba der og væra med å invitera kunstnarar utanfrå til atelieropphald og slik pleia nasjonale og internasjonale kontaktar. Det vert òg mogleg for eksterne kunstnarar å søkja seg til Kunstnarhuset Messen via søknadsskjema. Saman med dagleg leiar for Kunstnarhuset Messen, Ole Mads Vevle håpar me å få til eit kollektiv av enkelt kunstnarar til beste for miljøet på huset, kunstnarar i distriktet, lokalsamfunnet Ålvik og regionen Hardanger.